tømming av slam
Med heimel i anskaffelsesforskrifta § 2-3 har Askvoll, Fjaler, Gaular, Hyllestad, Jølster, Naustdal og Førde kommune tildelt einerett til Sunnfjord Miljøverk IKS for utføring av kommunen sine lovpålagte oppgåver med grunnlag i ureiningslova § 26 første og tredje ledd med underliggande forskrifter.
Vedtak om einerettstildeling blei fatta av kommunestyra i dei respektive kommunane som vist i tabellen under.
Kommune Saksnummer Dato:
Askvoll 043/19 18.9.2019
Fjaler 105/19 30.9.19
Gaular 062/19 26.9.2019
Hyllestad
Jølster 065/19 26.9.2019
Naustdal 19/051 26.9.19
Førde 054/19 26.9.19
Vedtaka har følgjande ordlyd:
1. Med heimel i anskaffelsesforskrifta § 2-3 tildeler […] kommune med dette
einerett til Sunnfjord Miljøverk IKS (SUM) for utføring av kommunen sine
lovpålagte oppgåver med grunnlag i ureiningslova § 26 første og tredje ledd
med underliggande forskrifter.
2. Den tildelte eineretten kan delegerast vidare av SUM til selskap som oppfyller
vilkåra for å vere offentlegrettslege organ, jf. anskaffelsesforskrifta § 1-2 (2).
Link til vedtaka
Hyllestad kommune