Hopp til hovedinnholdet →

Henterunde for farleg avfall

I mai/juni kan du som privatkunde levere gamle brannsløkkingsapparat, tomme sprayboksar og andre ting som er klassifisert som farleg avfall til hentebilen vår. Då køyrer vi rundt i kommunane og samlar inn farleg avfall. Dette er ein teneste som er inkludert i gebyret ditt. Du betalar ikkje noko når du leverer.

Næringsdrivande kan levere farleg avfall til hentebilen mot betaling. Dette må vere meldt inn til Kjell Bu (driftsleiar, SUM) seinast to dagar i forkant. Tlf. 90 50 25 89 eller e-post kjell.bu@sum.sf.no 

Sjå tidspunkt for henterunda 2024:

Døme på avfall som ikkje kan leverast på bilen på henterunda:

Blanda avfall/restavfall, Treverk, Plast, Flasker, Metall, Drikkekartong, Hageavfall, EE-avfall (elektrisk), Kuldemøblar. Eksplosivar, Sterkt reaktive stoff, Smittefarleg avfall, Biologisk
avfall, Radioaktivt stoff, Stikkande / skjærande avfall (sprøyter mv). Det vert kravd at den som skal levere, personleg møter fram og leverer til operatøren på bilen. Hugs at det du leverer skal vere merka. Dersom du ikkje har originalemballasje: Bruk tusj og skriv kva innhaldet er.

Døme på farleg avfall som kan leverast på henterunda:

Spillolje, Oljefilter, Løysemiddel, Maling, Sprayboksar, Kvikksølv, Oppladbare batteri, Plantevern, Herdar, Syrer, Basar, Vaskemiddel,
Tjære, Styren, Bilbatteri.

Dersom tidspunkta ikkje passar for deg, kan du levere farleg avfall på ein av gjenvinningsstasjonane våre gjennom heile året.